Stille, tomt og einsamt?
So var festivalen øve for i år… Merkelig nok forsvant dei to festival dagane vanvittig fort…
Sku so klart ha skreve denne posten her på søndag kveld då eg fortsatt hadde alt ferskt i minne, men prioriterte heller å reisa t byn for å ha ein liten fest med gjengen som hadde jobba stort sett heila veko, eller døgnet rundt i løpet av helga.
Dagane gjekk med til mykje rart: laminering av pass, kutting av ark, forbredelser av lunsj og middag, rydding, overhøring av artige samtaler på sambandet og mange timer på “jobb”… Er vel litt vanskeleg å peika ut det kjekkaste eg har gjort – kunne vel vore flinkare til å helse på artistane som var på festivalen, men det er ikkje heilt min stil… Trur nok høgdepunktet kan ha vore då Jørgen, som er ansvarleg for billettsalet kom med beskjeden om at det kun var 40 billettar igjen å selje – og dette var ei stund før The September When gjekk på scena… Og når vi på søndag får vete at vi var 2 billettar frå å være fullt – ja då kan ein være veldig nøgd
Eit høgdepunkt kan vel vera laurdag kveld då eg, heldig som eg er, fekk vente ved utgangen til moloen med ein redningsvest som eg gav til Morten Abel som kom springande med festivalsjefen – klar til å komme seg ombord på Krossfjord å ta del i tingingsverket. Som i seg sjølv berre var heilt utrulig herlig! Kor dei tar det i får veit ikkje eg… Men no har jo gjengen lova å toppe årets verk til neste år – om det vert festival vel å merke.
- Krossfjord på vei inn for å teste området før tingingsverket
- Krossfjord
- Hovedbaren vert rigga
- til det trengs det klatreutstyr…
- Scenen er nesten klar
- Ole gjer seg klar for å gå live på Vestlandsrevyen fredag kveld
- saman med ein frå Sund Trekkspelklubb, vi var allereie i gang
- Odd Nordstoga står på scenen langt dar framme…
- Nathalie Nordnes på scenen laurdag ettermiddag
- Laurdag ettermiddag var det sponsorturar med MS Glesnes og Trelleviksbåten
- Livet på baksida sett frå kontoret laurdag ettermiddag
- her var det sal av mat og drikke
- Morten Abel og The September When står på scenen
- Ein må jo prøve å ta bilete av tingingsverket
- sjølvom det er langt vekke…
Bilete seier ofte meir enn ord – men denne posten skal oppdaterast i morgon etter litt søvn
Medan du ventar på oppdatering her – kan du jo alltids sjå kva pressa har skreve om festivalen… Oversikta finn du her : http://periferifestivalen.no/default.asp?id=254















