Nordisk kanaldeling
Debatten om nordiske tv kanaler har dei siste dagane fått ein ny giv. Thomas Alkärr, svensk journalist i NRK har med sine uttalelsar knytt til Skavland og hans suksess både i Norge og Sverige som noko av det viktigaste som har bidrege til at svenskar no får auga meir opp for nabolandet Norge.
I denne vekas Morgonbladet finn ein leiarartikkelen “Ja til Nordisk kanaldeling”, og i dagens Østlands-posten kan en lese “Fellesskap i språkfamilien” som begge omtaler temaet.
De svenske Centerpartistene Johan Linander og Stefan Tornberg, som begge møter i Nordisk Råd har sendt en motion til Riksdagen om Grannlands- TV.
I Ungdommens Nordiske Råd (UNR) har dette temaet vært diskutert i mange år. Allerede i 2002 vedtok sesjonen uttalelsen “Gränslös Nordisk Televison”, som en finner i sluttdokumentet fra møtet. Og i april i år vedtok presidiet resolusjonen “Ungdommens Nordiske Råds presidie krever nordisk public service tv i alle nordiske land.”
Det er veldig artig å lese slike debattar i media og vite at UNR ikkje er på viddene når vi tar opp slike saker.
Stille, tomt og einsamt?
So var festivalen øve for i år… Merkelig nok forsvant dei to festival dagane vanvittig fort…
Sku so klart ha skreve denne posten her på søndag kveld då eg fortsatt hadde alt ferskt i minne, men prioriterte heller å reisa t byn for å ha ein liten fest med gjengen som hadde jobba stort sett heila veko, eller døgnet rundt i løpet av helga.
Dagane gjekk med til mykje rart: laminering av pass, kutting av ark, forbredelser av lunsj og middag, rydding, overhøring av artige samtaler på sambandet og mange timer på “jobb”… Er vel litt vanskeleg å peika ut det kjekkaste eg har gjort – kunne vel vore flinkare til å helse på artistane som var på festivalen, men det er ikkje heilt min stil… Trur nok høgdepunktet kan ha vore då Jørgen, som er ansvarleg for billettsalet kom med beskjeden om at det kun var 40 billettar igjen å selje – og dette var ei stund før The September When gjekk på scena… Og når vi på søndag får vete at vi var 2 billettar frå å være fullt – ja då kan ein være veldig nøgd
Eit høgdepunkt kan vel vera laurdag kveld då eg, heldig som eg er, fekk vente ved utgangen til moloen med ein redningsvest som eg gav til Morten Abel som kom springande med festivalsjefen – klar til å komme seg ombord på Krossfjord å ta del i tingingsverket. Som i seg sjølv berre var heilt utrulig herlig! Kor dei tar det i får veit ikkje eg… Men no har jo gjengen lova å toppe årets verk til neste år – om det vert festival vel å merke.
- Krossfjord på vei inn for å teste området før tingingsverket
- Krossfjord
- Hovedbaren vert rigga
- til det trengs det klatreutstyr…
- Scenen er nesten klar
- Ole gjer seg klar for å gå live på Vestlandsrevyen fredag kveld
- saman med ein frå Sund Trekkspelklubb, vi var allereie i gang
- Odd Nordstoga står på scenen langt dar framme…
- Nathalie Nordnes på scenen laurdag ettermiddag
- Laurdag ettermiddag var det sponsorturar med MS Glesnes og Trelleviksbåten
- Livet på baksida sett frå kontoret laurdag ettermiddag
- her var det sal av mat og drikke
- Morten Abel og The September When står på scenen
- Ein må jo prøve å ta bilete av tingingsverket
- sjølvom det er langt vekke…
Bilete seier ofte meir enn ord – men denne posten skal oppdaterast i morgon etter litt søvn
Medan du ventar på oppdatering her – kan du jo alltids sjå kva pressa har skreve om festivalen… Oversikta finn du her : http://periferifestivalen.no/default.asp?id=254
Litt bilder frå alt som skjer
Festivalen si opning nærmar seg stadig – i morgon kveld brakar alt laus her ute
Me starta allereie i går kveld med opning av festivalutstillinga “Drivstoff” av Gro Petersen inne på kafeen etterfulgt av ei beatpoesi forestilling med mellom anna Frode Grytten. (Den gjekk eg glipp av, so har diverre ikkje bilete…)
I løpet av veka har me laga kontor, det har blitt satt opp gjerder og scenen er rigga opp. Alt har gått unna – det er nesten utruleg…
- Kontoret mandag
- Mannfolk i arbeid
- Gjerder på plass
- Festivalsjefen har ein pause
- Bygging av hylle 1
- Bygging av hylle 2
- Festivalutstillingsopning
- Festivalutstillinga “Drivstoff”
- Festivalutstilling2
- Festivalutstillingsopning
- Festivalsjefen ein sein ettermiddag….
- Kontorlokala tatt i bruk
Dei mindre kjekke oppgåvene…
ved å drive med festival er som vanleg også tilstades… Og slikt hamnar ofte hjå slike personlege sekretærar som eg har fått æra(?) av å vera…
I dag har eg, med god hjelp av Siri – tusen takk igjen
, lagt ut eller hengt opp flyers for å få fleire frivillige til festivalen nesten over heile byn. I hvertfall over heile Høyden…
Flyers hengt på Universitetsbiblioteket
Studentsenteret, Universitetsbiblioteket, SV-, Juridisk-, HF-, Psykologi fakulteta samt realfagsbygget og BI har alle hatt besøk av oss. Samme har undergangen til Bystasjonen og infotavla på bystasjonen. I morgon vert Sotra vgs Bildøy fargelagd av flyersane – takk til Eline som fiksar, og måndag tar Gjertrud å Birte Linn seg av henholdsvis HIB og NHH. Skulle ha dekka ganske mange flater då… Satse på at det hjelp!
Dei to førre kveldane sende eg ut tilsaman 152 fb- messages til venner og kjende i Bergensområdet, det har gitt nokre positive tilbakemeldingar – merkeleg nok vil alle jobbe fredag og feste laurdag…
Festival vert det – uavhengig av vær og vind… Hadde berre vore kjekt med litt fleire frivillige…
P.s: Eg har det veldig kjekt om du skulle undre
D.s
Festival arbeid
I dag har eg vore på første møte med gjengen som jobbar med Periferifestivalen – periferifestivalen.no. Eg skal jobbe saman med desse fram mot festivalen den 28. og 29. august for å gjere den super for alle som tar del i den.
- Litt av gjengen eg jobbar med
- Han eg er sekretær for…
- Me planlegg for fullt
Det skal ikkje være lett alltid
Ja, eg har klart det igjen.. faila med å oppdatere bloggen min – til og med den nye… jaja – skal bli betre no som bachelorskrivinga nærmar seg slutten… Skreiv eg 9.juni… Har eg vorte flinkare i sommar? Neida – men no skal eg gjere mitt beste på å oppdatere bloggen min jevnleg
Jevnleg er langt frå kvar dag, men målet må være ein gong i veka – men minimumskravet er ein gong i månaden… Ikkje veldig optimistisk, men det er ein realistisk tankegang.
Sjølv om det no er valkamp, kjem eg ut månaden – og kanskje litt lengre, til å blogga om korleis det er å være på innsida av ein festival. Valkamp kjem eg attende til når valet nærar seg meir.
Bachelor skriving
For snart 5 år sidan byrja eg å studere på BI, på reiselivsledelse linja. Den er eg no nestan ferdig med – har vore veldig engasjert i Unge Venstre – både i inn- og utland og har difor ikkje klart alle eksamener då dei skulle vore teke. No i vår tek eg tre fag, to for tredje gong og eit for fuste gong. Bedriftsøkonomi 1 og Kultur, reiseliv og attraksjonar jobbar eg med for tredje og satsar på å kunne bli ferdig med no til sommaren. Det tredje “faget” eg tek er bacheloroppgåva…
Bacheloroppgåva har eg lenge tenkt på kva eg skal skrive om, og tenkt at dette blir jo ikkje så vanskeleg… Men etterkvart som det nærma seg, og eg har blitt betre kjend med næringa her ute ser eg heilt klart utfordringane eg står overfor. Mi største utfordring blir å finne ein bra måte å snevre oppgåva inn på og deretter finne dei rette spørsmåla til ei undersøking til metodedelen av oppgåva.
Tittelen på oppgåva mi er forløbig “Reiseliv som arbeidsområde i Gode Sirklar” med undertittel “Reiseliv på Sotra og i Øygarden”. Så får eg sjå kor eg ender opp…
Hello world!
Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!





























